Her er våre kandidatar!

Snart er det lokalval! I den samanheng ynskje me å presentere våre toppkandidatar i Tokke. Ein solid gjeng som jobbar for ein kommune der det er godt å bu – For alle for alltid!

23. juni 2023

1. Kandidat: Benedikte Nes

 

(f.1977) – Bibliotekar, trebarnsmor, og varaordførar sidan 2019.
Likar nytt og gamalt, kultur og natur, glad
i alt som er lokalt og småskala.

«Mykje positivt er på gang i Tokke! Me må ruste oss for frantida og ta godt vare på felleskapet, naturen og dei unge»

 

 

 

 

2. Kandidat: Britt Eide Lio

 

(f. 1966) – Revisormedarbeidar, trebarnsmor, kommunepolitikar sidan 2019.
Likar å synge i kor, vere i naturen, interessert i historie. Stolt av kommunen og det som skjer her!

 

 

 

 

 

3. Kandidat: Pernille Sørdal

 

(f.1977) – Sunnmøring busett i Eidsborg. Lærar, brenn for natur, miljø og kunnskap. Har erfaring frå hovudutval for oppvekst, kultur og idrett og styret i Renovest.