Program 2023 – 2027
Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer at me skal leve gode liv no, men utan å øydelegge for dei som kjem etter oss.
Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer at me skal leve gode liv no, men utan å øydelegge for dei som kjem etter oss.
Tokke MDG har vore med i lokalpolitikken i fire år. Me har fått gjennomslag for saker som
Tokke MDG har vore konstruktive samarbeidspartnarar for dei andre partia i kommunestyret. Me har kome med mange innspel til utvikling av næring, aktivitet og gode lokalsamfunn.
Dette vil me gjerne få halde fram med og stiller opp for fire nye år!
Våre viktige saker for komande periode:
Hurra for Hallbjønnsekken: Me vil støtte utvikling av naturvenleg aktivitets- og overnattingstilbod som vanlege folk kan ha råd til å bruke, og stanse utbygging av nye høgstandardhytter
Ta vare på Tangane: Kommunestyret treng MDG for å hindre bit-for-bit nedbygging av friområdet og ta vare på dei viktige naturkvalitetane der.
Senter for storauren: Me vil jobbe for etablering av eit nasjonalt storauresenter ved Bandak, etter modell av nasjonale villakssenter.
Oppdatere kartet: Arealdelen av kommuneplanen for Tokke er gamal og må reviderast. MDG vil omregulere felt som ligg inne for bygging av fritidsbustader tilbake til LNF.
Nei til vindkraftanlegg i naturen: MDG ynskjer ikkje etablering av vindturbinar ute i Tokke-naturen
Om att og om att: Det må bli lagt til rette for meir ombruk og gjenvinning. Renovest er ein viktig aktør i Vest-Telemark, og eigarkommunane må vise at dei ynskjer å gå føre på området.
Framtid for Moen gard: Me vil halde fram med å støtte opp om prosjektet, med fokus på korleis tunet kan bli ein ressurs for ungdom, Vest-Telemark vgs og Tokke skule.
Liv i sentrum: Kommunen må vere aktiv og kreativ som tilretteleggar og samarbeidspartnar for næringsdrivande. Me ynskjer eit sentrumsprosjekt på Dalen velkome, som er forankra i ny næringsplan.
Bustadar for alle: Det er behov for fleire typar bustader i Tokke, både om ein vil eige eller leige. Tokke MDG støttar utbygging av fleire leilegheiter og tomteutvikling rundt om i kommunen. Det er trist når hus står tomme. Me vil føreslå ny stimuleringsordning for å få fast busetting. Det kan dreie seg om rådgjeving og tilskot til oppussing.
Vitalisere Vest-Telemark vidaregåande skule: Me vil jobbe for å få etablert eit hybelhus med fellesrom og gode fasilitetar, og samarbeide med skulen og fylket om å utvikle fleire attraktive studietilbod og fritidsaktivitetar.
Støtte prosjektet 59’nord: MDG vil halde fram med å heie på bygdeutviklingsprosjektet. I neste periode kan det bli aktuelt med fleire prøvebustadar på Åmdals Verk.
Ta vare på Tokke frivilligsentral: Me vil auke støtta til Frivilligsentralen (Dalen og “Rødarkroken” i Høydalsmo).
Sykling i medvind: MDG vil legge til rette for auka bruk av sykkel, både i kvardagen og som aktivitet. Me støttar prosjektet Sykkelbygda Dalen og er positive til å etablere tilbod for terrengsykling.
Trening gir styrke: Tokkegym må bli meir tilgjengeleg, og me vil gjerne utvide tilbodet. MDG vil også støtte opprusting av treningsrom andre stader i kommunen der det er etterspurnad.
Trivsel for firbeinte og tobeinte: MDG har fått gjennomslag for å greie ut etablering av hundeluftegard på Dalen. Me vil fylgje opp dette.
Småbrukprosjektet: MDG vil vidareføre og styrke satsinga på å få ny busetting på fråflytta bruk.
Landbruket er livsnerva i lokalsamfunnet: Tokke har ny landbruksplan med gode støtteordningar. Me skal fylgje opp og styrke tiltak i planen.
Dyrk sjølv: Me vil jobbe for etablering av skulehagar der elevar og barnehageungar kan dyrke mat sjølve, gjerne i samarbeid med helsesektoren.
Bygdekjøken: MDG vil støtte grendelag som ynskjer å etablere felles storkjøkenfasilitetar, til dømes for tillaging av småskala lokalmat for sal.
Handle lokalt: Tokke kommune skal kjøpe inn meir lokalprodusert mat for bruk i institusjon og eigen drift, med mål om å auke andelen til 20 % innan 2025.
Frå jord til bord: Det må bli enklare for folk å kjøpe lokalprodusert mat. REKO-ringen er eit godt tilbod, og det kan vere aktuelt å utvide ordninga med moglegheit for meir fleksibel levering og henting av varer.
Sunt skogbruk: MDG ynskjer å vidareføre tilskot til motormanuell hogst og vil vurdere andre ordningar for å støtte berekraftig skjøtsel og hogst, lokal foredling og satsing på kvalitetsvirke.
Ny Tokke skule: MDG vil støtte bygging av ny ungdomsskule. Ut frå omsyn til økonomi og berekraft, ynskjer me for øvrig ei vurdering av om noko av eksisterande skulebygning kan renoverast. Heile skulen og skuleplassen må få eit solid løft, funksjonelt og estetisk.
Meir pengar til tur: MDG ynskjer å setje av meir midlar til transport i skulen. Det er viktig læring å kunne reise på ekskursjonar og besøk rundt om i nærområdet. Det er også viktig at elevane ved Høydalsmo og Tokke skule jamnleg får høve til å treffast og samarbeide.
Den beste kulturskulen: Me vil vidareføre og styrke satsinga på kulturskulen i Tokke.
Meir enn fotball og gaming: Me ynskjer å utvikle fleire samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor, for eit mangfaldig kultur- og fritidstilbod for barn og unge i kommunen. Ungdomsklubben er viktig, og det er bra med meir samarbeid mellom dei som skapar tilbod til ungdom i Vest-Telemark.
Kvalitet i barnehagen: Tokke MDG vil halde fram med satsinga på gode barnehagar, der dei tilsette får tid til fagleg utvikling. Kommunen må støtte aktivt opp om prosjektet “Liv og røre”.
Redusert foreldrebetaling: mange barnefamiliar er råka av at rentene stig og alt blir dyrare. Tokke kommune har råd til å gjere livet litt enklare for familiar med små barn. MDG ynskjer å auke syskenmoderasjon til 100%, slik at ingen må betale meir enn makspris for eitt barn per månad (kr. 3000,-).
Fleire hender i arbeid: Tokke kommune må drive aktiv rekruttering for å møte auka behov innan
helse og omsorg. Fleire ufaglærte kan avlaste anna personale. MDG vil støtte tilbod om vidareutdanning for tilsette. Me er positive til at kommunen gir ekstrajobb til ungdom gjennom heile året, slik at dei kan bidra til aktivitet og trivsel.
Eit verdig liv: Me vil satse meir på demensomsorg og tilbod til pårørande.
Grøn helse: MDG vil utvikle grøntområdet ved Tokke helsesenter og legge til rette for fleire gode opplevingar utandørs for brukarane av senteret.
Meining og mestring: MDG var med på å sikre tilbodet om Rask Psykisk Helsehjelp i Vest-Telemark. Me vil støtte
vidare opp om samarbeidet og samtidig hindre nedbygging av lokale tilbod innan psykisk helse.
Låg terskel: Det er viktig å ha gode og tilgjengelege møteplassar, slik som språkkafé på Tokke kulturhus. Kommunen skal skape treffpunkt for nye innbyggjarar og møte alle med ei haldning som gjer at dei føler seg velkomne.
Pensjonisttur på Telemarkskanalen: MDG vil at alle over 70 år som er busett i Tokke får tilbod om ein årleg gratis tur med kanalbåten.
Straumpris til å stole på: MDG går inn for å behalde Tokke-modellen for sal av konsesjonskraft, med pristak for hushald og verksemder.
Vest-Telemark kraftlag som grøn pådrivar: det må bli enklare og billegare å gjere tiltak i heimen for å spare energi, samt ta i bruk solceller og andre alternative kraftkjelder. Me vil ha rentefri nedbetaling av ENØK-tiltak over straumrekninga.
Sjå moglegheiter: MDG vil støtte opp om næringsutvikling rundt om i kommunen. Det gjeld særleg for regulert tomteareal i Høydalsmo, på Vistadmoen og i Åmdals Verk. Kommunen kan tilby kortreist kraft og må vere ein god tilretteleggjar for dei som vil satse og skape arbeidsplassar.
Klimaplan for Vest-Telemark: MDG vil vere pådrivar for å fylgje opp planen og utvikle gode, grøne næringssamarbeid i regionen.
Ein tilgjengeleg kommune: Tokke kommune må setje av meir ressursar til informasjonsarbeid og digitalisering, retta mot både innbyggjarar og tilreisande.
Ta vare på gamle bygg: MDG vil støtte opp om bygningsvernsenteret på Vest-Telemark Museum.
Visit Lårdal: Frivillige og private aktørar i bygda står på for å skape aktivitet og legge til rette for opplevingar. Kommunen må spele på lag og støtte slike initiativ. Me ser potensiale for å utvikle fleire tilbod knytt til populære Lårdalstigen og kanalbåten.
Berekraftig reiseliv i Vest-Telemark: MDG støttar felles plan og ser at det er viktig med meir samarbeid mellom aktørane.
Sveve høgt: MDG har fått gjennomslag for utgreiing av zipline som ny attraksjon i Tokke. Me vil fylgje opp vedtaket.